David Sadler
David Sadler | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 5. februar 1946 (78 år) England |
Yrke | fotballspelar |
Språk | engelsk |
David Sadler (fødd 5. februar 1946) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Kent fylke. Han vart to gongar ligameister med Manchester United og var i 1968 med å vinne Europacupen i fotball.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Sadler fekk sin ligadebut for Manchester United 24. august 1963 mot Sheffield Wednesday. Den fyrste tida i United spelte han både på midtbana og i angrepet, men vart etter kvart mest nytta som midtstoppar jamsides rutinerte Bill Foulkes. Både i 1965 og 1967 var Sadler med å sikre ligatittelen for Manchester-laget. Den 29. mai 1968 stod Sadler og Manchester United for ei historisk bragd då klubben vart den fyrste engelske vinnaren av Europacupen i fotball, etter å ha slått Benfica med 4-1 i finalen på Wembley stadion i London. 8. november 1973 vart Sadler overført til 2. divisjonslaget Preston North End, som vart trena av Bobby Charlton, hans tidlegare lagkamerat i United. Ved sesongslutt i 1977 la Sadler opp, grunna skade.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Hausten 1967 spelte Sadler to kampar i Englands landslagsdrakt, det same gjorde han i året 1970.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «David Sadler (footballer)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2018.